DIGITALE: Dei tilsette i Accountor Sogn inviterer til kundedag for å hjelpa kundane med det digitale skiftet. Sidan verksemda er 30 år i år, har dei kalla dagen for digital bursdag. (Privat foto)

Inviterer til digital bursdagsfeiring

Accountor Sogn feirar 30 år no i oktober, og jubilanten ligg ikkje på latsida.

Publisert 22.10.2019 kl. 13.00.

25. oktober inviterer dei til kundedag der digitalisering og automatisering av rekneskap står i fokus.


Tilpassa framtida

- Vår målsetjing er å vera eit rekneskapskontor som yter god service, har rask responstid og har dei beste løysingane for kundane våre, seier dagleg leiar Åslaug Stadheim Ese i ei pressemelding.


Ho er tydeleg på at dette krev omstilling.


- Me må endra måten vår å jobba på, tilpassa oss framtida og behova til kundane. Snart er det ingen som leverer rekneskapane i ringpermar lenger, no hjelper me kundane våre inn i den digitale verda.


Ein pc på deling

Då Åslaug Stadheim Ese starta opp hadde ho mål om å skaffa arbeid for seg sjølv. No har ho ei bedrift med eit titals tilsette, og med kontor i Balestrand og Vik.


- Me starta for 30 år sidan med ei skrivemaskin, og etter kvart ein pc på deling. Og me har heile tida tilpassa oss ei utvikling som har gått stadig fortare. No er me skybaserte i det daglege arbeidet vårt. Dei tilsette imponerer med å vera endringsdyktige, rosar ho.


Lokal forankring

Accountor Sogn er franchisetakar i Accountor Norge, og er lokalt eigd, forankra og sjølvstyrt.


- Men me har fordelane til ei stor kjede. Eg trur storleik betyr noko, fordi kundane får tilgang til ein stor kompetansebase og framtidsretta digitale løysingar. Og sidan me er i lokalmiljøet, kan me enkelt setja oss inn i lokale utfordringar.


Ho skriv vidare at det er viktig å halda på arbeidsplassane framover.


Digitalt skifte

- I små bygdesamfunn er arbeidsplassar ekstremt viktig, og eitt av dei viktigaste måla våre er å behalda desse. Difor må me heile tida ha fokus på lønsemd, både for oss og kunden.


Ei anna viktig oppgåve for bedrifta er å få kundane med på å flytta rekneskapen vekk frå papir, og opp i skya.


- Dei som alt er i gang er godt nøgde. Dei får meir kontroll på økonomien, er alltid oppdaterte og sparar tid som dei kan bruke på andre ting enn rekneskapen.


Ho vonar at dei kan overtyda enno fleire kundar om dette under kundedagen, eller den digitale bursdagen som dei vel å kalla det. Det vert frukostmøte i Balestrand og lunsjmøte i Vik.